Min firbeinte ven

 

 

I dag har eg vore til dyrlegen med min  snille Evapus.  Ho har lenge «hangla» og nyst sikkert 50 gongar for dag siste veka. Ho har vore slapp og kosete og dilta etter meg overalt inne i huset. Ho har hoppa opp i senga mi om natta og lagt seg tett inntil. 

 

Det er litt som når ungane vert febersjuke. Då vil dei helst berre at vi skal ha dei i fanget. 

 

Vel, det har vore litt søtt at Evapus har blitt så kosete, for ho har ikkje alltid vore det. Ho er verdas snillaste katt og klorar aldri, men ho har alltid vore litt arrogant 😺

 

Men tilbake til dyrlegen; Eva er hoven i gapet og har raude såre auger. Så no går ho på antibiotika og fekk første injeksjon med sprøyte. 

 

1361 kr. Likevel verdt kvar ei krone. Ho er nemleg veslesøstra i familien og då må vi passe godt på ho. Ho er så flink no som ho er inne på natta. Ho mjauar utrafor døra når ho må ut å tisse :-) 

 

Flinke gode Evapus - god betring 😺😺😺

 

Humledans

Ein ukjent 9 år gammal helt ❤️

I dag har eg begynt litt på jula. Eg las ein rørande avisartikkel om vesle Jacob i Portland. Han er kreftsjuk og fekk 1 mnd igjen å leve i begynnelsen av oktober.  Siste ønsket hans var å få feire jul ein siste gong og få helsingar frå heile verda. Sjå Nettavisen i dag ❤️

 

Historia traff meg midt i hjerterota. Så i dag sende eg kort og håpar han kan lese det. At det ikkje er for seint. Om det traff deg også er adressa;

 

Jacob Thompson, c/o Maine Medical Center, 22 Bramhall Street, Portland, ME 04102, USA

 

Dei er så tapre desse små ungane. Eg skreiv på slutten «i hope it is okay that i have printed a picture of you to see every day at my refridgerator» 

 

For sjølv om eg ikkje kjenner Jacob så er eg mor. Og eit ønske om helsing frå alle kantar av verda, det er eit stort ønske for han og ein liten ting for meg å gjere. 

 

Hope & prayers 💚💙❤️

 

❤️ Humledans ❤️

Og sånn går no dagan (og månan og åran)

 

Det er ganske utruleg kor mykje som ballar på seg når ting ryk i huset. 

 

Eg har vakse opp i ei bygd der ein bestilte elektrikar eller røyrleggar, så måtte vi kanskje mase ein gong eller to. Uansett eit mykje meir personleg kundeforhold. 

 

Her i Ålebyen har eg betalt 250.000 for heilt nytt bad hausten 2014. Eg har hatt problem med tett vask stort sett heile tida. Eg har hatt fleire rørleggarar innom. «Skal komme tilbake bla bla». Toalett-trykkerten funkar heller ikkje. «Skal komme tilbake med serviceteknikkar». Jauda, halvt år sidan det. Framleis ingenting. Eg har eit bad til 250.000, men pussar tennene på kjøkkenet!! 

 

Forbrukerrådet er kontakta. «Lang ventetid, 10 uker» og så oppfordrast det til å løyse problemet med leverandør i mellomtida..... Grrrrr! 

 

Eg har også hatt lynnedslag i internetten min. Masse fram og tilbake. Ordne ny modem og fiberboks. Funkar ikkje. Kontakter Tafjord, må finne ut sjølv, dei kan ikkje sende nokon. Koffor trur dåkke eg leiger folk til jobbar eg ikkje får til sjøl??? Det er jo fordi eg ikkje kan dette. Halloooo?  Avsvidd kabel mellom kontaktpunkta, fann ein venn av meg ut. Javel, ringe Tafjord igjen då..,

 

Tafjord ba meg kontakte fiberselskapet. Nr som eg finn er til Tafjord.... E d mulig??

 

Så får eg besøk av ein handyman, som seier eg bør ha profesjonelle til å ta seg av den tette vasken....

 

Så, kor e alle heltar hen? 

 

-Humlestikk!!

Fy flate så mørt lammekjøtt!! Søstrene Fryd.

 

Mitt siste besøk på Søstrene Fryd var nettopp det: FRYD!! 

 

Koseleg middag med latter og godt selskap. På min tallerken var det lammeknoke med potetpure og rotgrønsaker. 

 

Eg er hellig overbevist om at ein ikkje treng tenner for å ete det kjøttet eg fekk servert. Det var så mørt at det smelta på tunga. Og dette var ein god porsjon.

 

Likevel, eg får alltid plass til is med bær.

 

Tipp topp ❤️

 

- Humledans

Autist for nokre timar

 

I dag bestemte meg for å vere autist nokre timar. 

 

Eg tok bussen og den som tek lengste ruta. Eg såg på alt utanfor og innafor ruta. Eg såg og høyrde blant anna;

 

Motordurer

Vifter

Rørarbeid

Slafsing av tyggis

Regndråper på ruta

Vind

Rasling med poser

Dører som åpnast og lukkast

Folk som snakkar, hostar, nys

mobiltelefonar, 

 

Og då eg kom inn på kjøpesenteret fortsatte det; 

 

Frys som durar

Folk som snakker altfor høgt

Trillevogner

Rulletrapper

Folk som skrapar på tallerken med kniv og gaffel

Skjermar  med blinkande reklame

Kø-lappsystem som pip

Pling på kassaapparat

Barneskrik

Halloweenmasker og brøl

 

Etter 10 meter på kjøpesenteret er eg utslitt. Korleis e det då for min lydsensitive gut? 

 

Han er ikkje på kjøpesenteret, men likevel; tenk alle lydar og sanseinntrykk det er? For ein som finn alt like viktig og ikkje kan sortere. 

 

Heilt til slutt gjorde eg også noko som autistar i stor grad ikkje skjønnar;

 

Eg har kika på kjøleskap og tørketrommel. «Kika på» - ka er vitsen med det? Å stå og sjå på eit kjøleskap?? Er det spennande? Som i ein spennande film? 

 

Då er det betre trass alt å gjere som i går. Kjøpe ei regnjakke og levere den. 

 

Ikkje berre sjå på den :-) 

Humledans

 

Hjernekrympar-time 😂👍

 

 

Steik for eit ord! Men veldig skremmande, nesten litt Halloweensk preg over det 🎃🎃

 

Det har lenge vore tabu å gå til psykolog blant dei eg har vakse opp med og møtt på mi 46 år gamle reise i livet. Det er ikkje noko EG er flau over i alle fall.

 

Eg heiter Hege og går til psykiater 😂

 

«Ikkje røyker eg, ikkje drikk eg, så eg døyr nok aldri», var eit russemotto eg såg på 90-talet.  Der har eg nok gode sjansar. Men eg har hatt påkjenningar i livet som tidvis har gjort at eg har følt meg halvdau likevel. 

 

Eg går til hjernekrympar. Opptil fleire i løpet av dei siste åra. Kanskje hjernen min er krympa og det har falle ned i magen i staden?? Ja, det er årsaka til at eg er altfor tung. Vetet mitt sit i magen. Tungvektar i mentalitet! 😂😂😂

 

Vel, eg har fått ein psykolog til å grine (trudde det skulle vere omvendt) men hoverer ikkje over det. Eg har ein sterk historie. Eg klarar ikke å dele alt med vener eller familie heller. Då er det godt med ein nøytral person. 

 

Eg har vore til fleire. Mange er «lytte-psykologar». Det trivs ikkje eg med. Eg treng ein som kastar ballen tilbake. Av og til treff den rett i magen, men det er også bra. Det er slik eg kjem meg vidare. Det er kjempeinteressant! Og eg lærer så mykje om meg sjølv! Eg tykjer eg er eit spennande «kasus». Eg tykjer det er spennande å granske seg sjølv! Du verda det er mykje eg ikkje visste om meg! 

 

No høyres eg vel frykteleg unormal ut, men veit du ka? Normal er dritkjedelig! Eg har prøvd det også. Vere A4 som alle andre...

 

Eg har innsett at eg ikkje er A4. Ikkje lev eg eit A4 liv heller. Eg klarar ikkje lenger å gjere alle til lags. Og kvifor skal eg det? Eg klarar ikkje endre meg og gi avkall på måten eg er. Så no går eg til krymparen for å finne ut kven eg er og kva eg står for. Kanskje det er der uttrykket «viss eg var deg, ville eg»....Kjem i frå ?

 

For første gong på veldig lenge føler eg meg trygg! Trygg på at eg gjer det rette. Trygg på at eg er på rett veg. Trygg på at eg gjer det som er best for meg og ungane utifrå korleis vi faktisk har det og korleis vi vil ha det framover. 

 

Så i staden for gå rundt som ei tikkande bombe som berre syt og klagar, så har eg faktisk tatt skikkeleg tak! Og det er eg stolt av! Gått i meg sjølv (det er faktisk plass til det). «Running around in circles in my mind» (Reo Speedwagon).

 

Så får vi sjå kor mange som skuggar unna. Eg og ungane har det i alle fall godt! Til og med katten purrar som aldri før 😺😺

 

Og så er eg ikkje så opptatt av ka folk synes lenger. I am what I am, som Gloria Gaynor syng 😂

 

Til dei som slit og som er redde for å kaste inn handkledet og be om proff hjelp: ikkje nøl, det er ikkje farleg. 

 

For meg har det utan tvil vore redninga! Og det som er ekstra kult er at eg i mitt stille sinn vurderar psykologen 😂😂😂

 

God helg! La deg ikkje knekke om du ikkje er nøtt, ta ein virituell karamell i staden  ❤️

 

- Egoistisk humledans i alle slags kriser, sikkert 😂😂😂

Bokanbefaling - Tung Tids Tale

 

Eg har akkurat byrja å lese ei bok av Olaug Nillssen. 

Tung Tids Tale heiter den. 

Eg har lest 38 sider til no. 

Eg føler meg som ein halvtihjelskoten cowboy. Denne boka har hittil truffe meg langt inni hjerterota, midt i fleisen og i haudet.

I hjarterota fordi eg kjenner meg så godt igjen som autismemamma og sjølve diagnosen, i haudet fordi eg hugsar alle kampane for å nå fram i systemet og i fleisen for at alle tøffe minner kjem oppatt. 

Eg kjenner også ein slags varme, fordi nokon andre forstår og set ord på korleis det er dette livet som er alt anna enn A4.

Det fins foreldre der ute som har erfaringar som oss, som har vore gjennom mykje det same som oss.

Eg tippar også, uten å ha lese ferdig boka, at kjensla av å få ein knytteneve i magen er tilstades  fordi alt tar så sinnsjukt lang tid! 

Eg trur mange kunne ha godt av å lese boka. Spesielt dei som trur dei veit ka det dreiar seg om. Dei som trur alt er opp og avgjort når ein har fått avlastning eller ein har fått resursar på plass. Dei som trur ar ting blir no snart som før. 

Det er ei god bok. Det er eit flott format. Sjølv om den ikkje er A4, heller ei A6 bok, så får den plass i veska. 

Les den ❤️ takk til Olaug Nilssen! 

- Humledans 

 

Farmen light

Jepp, no skal eg berre finne ein hest og nokre kyr så kan eg setje i gang Farmen light.  Ikkje får eg køyre bil og no rauk modemet i lynnedslag. 100 år tilbake i tid, minst 😂😂😂

 

Så hva gør vi nu, lille du? 

 

TV2SUMO 😂😂

 

Heldigvis hugsa eg passordet! 

 

Humle(skal vi)dans(e) 

 

Kjapp filmanbefaling: My name is Kahn ❤️

 

Har du sett «my name is Kahn»? Det er ved sida av stekte grønne tomater beste film eg har sett ever!

Eg grein og lo om kvarandre i 2,5 timar! Den handlar om ein autist med asperger syndrom. Utruleg sterk og god film. Anbefales på det sterkaste! Filmen er frå 2010. 

«My name is Kahn and i am NOT a terrorist!» 

Dette er ein VIKTIG film på så mange måtar. Sjå den ❤️

Humledans

 

 

 

 

 

 

 

Autist av og på?

 

I dag fekk eg svar på at sonen min får behalde grunnstønad. 

 

For nokre veker sidan fekk eg (les: sonen min) brev om å dokumentere at han framleis treng grunnstønad, som i hans tilfelle er kr 670 pr.  månad.  Dette er for slitasje på klede, sengetøy også vidare. Utruleg mykje peng, altså! 😂😂😂

 

Så høyrer ein at NAV skal effektiviserast endå meir! 

 

Ka med å bruke tida på dei som snik til seg rettigheiter på falsk grunnlag? 

 

Eg ler. Vi har fått alle papir på diagnosa han har. Dette er ei varig diagnose. Han sluttar ikkje plutseleg å vere autist. Likevel så ser eg jo at mange må dokumentere down syndrom også.  Sonen min har ikkje verbalt språk. Han kan ikkje lese eller skrive. Så det vart meg som tok all korespondansen. 

 

Som eg skreiv i svaret til Nav: «han vil alltid ha denne diagnosa, det vil ikkje endre seg. Han har same behovet som før, faktisk hakket verre». 

 

Vel, den siste setninga har nok Nav glatt oversett, så neste gang, om 3 år, må eg ordlegge meg annarleis.

I tillegg så må vi jo dokumentere kor dårlig sonen vår fungerer. Alt «galt» han gjer som rettferdiggjer å få ein stønad på 670 kr pr månad. 

 

Skulle ønske styr og stell skjønte kor sårt det er å rippe opp dette såret heile tida. Det er ingen foreldre som ønsker å skrive vonde ting om ungane sine.

Papirløse samfunn,  my ass! 

 

Humledans

 

 

Spent!

Spenninga er til å ta og føle på...

 

.....for i dag skal eg til kontroll på sjukehuset igjen. Teste augene. Får eg lov å køyre bil igjen? Eg kryssar fingar og tær, men ikkje lygekors 😂😂😂

 

Eg bestilte opphenting frå eksmann min i dag tidleg. Han køyrde meg inn her ein time før. Sjølvsagt fordi han har ein jobb å passe :-) 

 

Eg tenkte kiosken var open. Stikkord: frukost 😂 men nei, opnar om ein time! Ja ja, vert frukost etterpå då :-) 

 

Elles har det vore ei fin veke. Det vert kjekt med haustferie og avslapping no. God innleiing i går med 4-1 siger i fotball for minsten ⚽️⚽️⚽️ i går spela dei kjempebra fotball i tillegg. 

 

Eldstemann har roa seg no etter ei turbulent periode. Han slit med refluksproblem, som eg også er plaga med. No har han fått medisin, så vi får håpe det virkar. 

 

Vel, eg er  berre innom eit «pip» for morro skuld og medan eg ventar på at klokka skal verte 0910 :-) 

 

God helg & kjekk haustferie! 

 

Humledans

Pause i blogginga

 

Eg tar ein "mamma til Michelle"-greie.

Eg har vore gjennom mange tøffe tak den siste tida. Eg har derfor bestemt meg for å ta ei pause i blogginga. I alle fall ikkje skrive så ofte som før.

No skal eg berre ete sjokolade og kose meg. Neida. Joda :-)

Det er snakk om oppoveriegettempo.

Eg tek det meir med ro. Eg vil bruke tid på helsa framover.

Takk for at du har lese bloggen min
:-) eg gir meg på botn😂😂😂

Humledans

Den som ler sist, har gapskratta lengst :-)

P

 

For er det ikkje slik at ein som ikkje klarar å stoppe latteren, ler lengst? 

 

Eg kan le ganske lenge av enkelte ting. Ofte av alt det rare eg sjølv rotar meg opp i. Det kan vere det å bli lurt ganske kraftig av folk, for å slå sterkare tilbake. Når folk minst ventar det. Eg slår ikkje fysisk, men med kvinnelist, annarleis tankesett og humor :-) For meg funkar det bra. 

 

Å jobbe i det små for å høste det ein sår. Eller jobbe hardt mot eit mål som kan ha verka håplaust. Å få rettferd for nokon som har vore stygg mot ein. Å klare å heve seg over at folk behandlar deg dårleg og  beskuldar deg for ting som ikkje har rot i verkelegheita, berre fordi dei har bestemt seg for kva som er sannheita. Likevel, så lenge ein kjenner den verkelege sannheita er jo det ikkje noko å bry seg med. Så hasta la Vista til bortkasta energi :-) Eg brukar energien der den trengs :-)

 

Å le sist og lengst må ikkje forvekslast med ondskap og arroganse. Heller ikkje hevngjerrigheit. Det gjer berre så utruleg godt å kjenne på at ein har lukkast med det som lenge har vore vanskeleg. Alt går an å få til, enkelte ting tek berre litt lengre tid. Derfor er det så viktig å tenkje;

 

Oppoveriegettempo! 

 

Denne runden vann eg :-) Karmaen er med meg 😀 og tusen takk til alle dåkke som har vore med meg i krigen! Kjempeglad i dåkke alle i hop ❤️❤️❤️ CLOSURE!!!

 

Og så har vi dei som berre VIL øydelegge for andre. Ikkje fordi dei har noko å utsette på den andre parten, men berre fordi dei vil kontrollere folk.  Det er ei stund sidan eg opplevde det, men eg har sett det skje med nokon eg bryr meg veldig om i det siste. Eg håpar verkeleg Karma bit slike kontrollfreakar godt i ræva!  ❤️-klem til alle dei som treng det! 

 

"Mennesket har syv flokker. Familien kan bygge eller rive selvbilder. Barnehage/skoleflokken er gull eller bly. Arbeidsflokken gir eller stjeler verdighet. Nærmiljøflokken skaper eller truer livskvalitet. Flokken Norge kan være raus eller nådeløs. Menneskeheten på Jorden er den store flokken vår."

 

-Per Fugeli

 

Ein skal passe på flokken sin ❤️

 

 

... And I lived happily ever after ❤️

 

Humledans

3 på topp sport ⚽️⚽️⚽️

Vel, rusten i kroppen og knirkete i ledda. Skulle eg valt ein aktivitet eller to eller tre ville eg valgt følgande: 

 

1. Volleyball

2. Fotball

3. Innebandy

 

Dette var favorittane mine for hundre år sidan og er nok framleis det, sjølv om eg også likar svømming. Likevel, i svømming har eg ikkje konkurranseinstinkt, der er eg litt pysete nemleg. 

 

Ka e din favoritt?  Eg kunne også vore med i VM i sjokolade-eting 😂😂😂

 

Humledans

 

 

 

EU-kontroll

 

Godkjent, men klima-anlegget gåent. Ja ja, er jo berre å fikse, sjølv om eg foreløpig ikkje kan køyre bil sjølv. 

 

Det er forresten kjekt med karar som stiller opp med innkøyring til verkstad og tilbake til huset :-)  Eg har flinke hjelparar. Så tusen takk til snill leigebuar og good ex-husband 😘

 

Eg har jo lurt litt på å selge bilen (om eg får noko for den), men ventar og ser om eg får lov å køyre igjen først. 

 

Det er uansett ikkje ein pen nok bil til å berre stå til pynt 😂😂😂

 

Eg har blitt god på å ta buss også, så noko kjempekrise er det no ikkje, berre ein sjeldan gong eg verkeleg skulle hatt lov å køyre. 

 

Dessutan vert helsa betre utan bil. 

 

Godt ikkje eg skal EU-godkjennast. Eg er nok full av rusk i forgassaren, øydelagt klimaanlegg og utslitte bremseklossar. Kunne nok trengt ein motorvask og olje til ledda også 😂😂😂

 

Mulig lufttrykket mitt er feil også 😂😂

 

 

Humledans

 

 

 

Gledelig gjensyn med Mr. international 😘

Tåren trilla litt før sommarferien. Då slutta nemleg ein av dei beste rundt sonen vår. Han var så dyktig, avbalansert og kjekk; meir som ein kompis av autisten vår. Mykje latter og humor :-) og alltid smilande!! Det herskar ingen tvil om at denne karen har vore favoritten på skulen. Sjølvsagt i tillegg til fleire andre gode folk ❤️ av bileta kan du sjå ka vi ga han for fantastisk jobb!! 

 

Han hadde dessverre altfor lav stillingsprosent og fekk ikkje auka stillingen sin. Hadde eg berre visst, så skulle eg ha kjempe for det!! 

 

Han e utdanna kokk denne mannen, og han gjekk etter draumen sin. Så han flytta austover. 

 

Eg måtte jo sjekke ut maten han lagar då eg hadde sjansen. Ein liten tur til Tigerstaden i litt andre ærend, men med god eigatid. Så eg tok buss til Jessheim og Mirabel restaurant & bar.  Mat må ein ha og dette er MAT med store bokstavar! 

 

"Dommen" kan lesast under innlegget "6'er til Mirabel Jessheim"

 

Han er språkdyktig, han vert kalla Mr. International fordi han kan 8 språk + teiknspråk. Medan eg var innom kom det fleire nasjonalitetar innom og språket svitsja mellom engelsk, arabisk og fransk. Det var heilt vanvittig å høyre på! Og han slapp mellom fingrane i kommunen.... 

 

Han hadde sjefar og servitørar rundt seg og sørga for at eg fekk skikkeleg oppvartning. Heilt fantastisk kor mykje glede han sprer rundt seg. 

 

Og mannen er flink som få, men det visste eg i grunn. Skulle han bli lei kokkelivet er tilbodet om retur absolutt tilstades!! 

 

For her er han sårt sakna av heile vår familie og også eks-kollegaene. Han lærte også sonen vår å symje. Han er tidlegare vakt i svømmehallen. Han er ein allsidig og klok mann og god ven for heile familien vår. Uvurderleg.. 

 

Hadde det ikkje vore så langt å køyre til Jessheim, så hadde nok han skjønne guten vår også vore med. Kanskje når ting roar seg litt...

 

Han vil komme på besøk til Ålesund og det gledar vi oss til!! 

 

Men vi laga ein video, så guten vår fekk sjå 😀

 

"Alle skal med!"

Takksam Humledans

 

 

 

 

 

 

Alt var betre før? (Hardly)

 

Det er ikkje slik at alt var betre før. Ein kan ofte tenke det og tru det, men mykje er blitt betre. 

 

Sløyd, for eksempel. Teikning, handarbeid og juletrepynt. 

 

No kan det vere at ungane mine er meir kreative og flinkare enn meg. Det er slettes ikkje usannsynleg. Likevel vil eg påstå at det ungane mine har laga, er laaaaangt finare og nyttigare enn det eg laga på 80-talet! 

 

Minsten kom heim med ein ring til meg. Det var like før eg  byrja å grine. Den var så fin! Eg vart så utruleg rørt! 

 

Eg har også tidlegare fått smøreknivar, skåler til å ha mandariner med julepynt i og mykje anna pent. 

 

Eg er så imponert! 

 

Visst laga eg også mykje. Det var juletreet til den avdøydde tanta mi eit godt bevis på. Ho hengde opp alt eg laga! Uansett utsjånad. Eg hugsar ein papirfisk eg hadde laga med stjerner på (du hendelse for eit kreativt uttrykk). Eg hugsar filtpynten som nær eit traume! He he

 

Eg hugsar eg laga stearinlysestake. Med mitt sovehjerte på dagen e den livsfarleg.  Eg laga godteskål (firkanta) som eg trur er anten på loftet heime eller i kjellaren. Ubrukt. 

 

På veggane her har eg ramma inn "van gogh"-ane til gutane. 

 

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sett på venstre ringfinger i dag. Den er så vakker med ring på. Dette har stor affeksjonsverdi! Eg kjenner hjarte mitt kokar og boblar av lukke. For sååå fin er den! 

 

E du ikkje einig? ❤️

 

Den er gull verdt, sjølv om den faktisk ikkje er av gull. 

 

 

 

Humledans

Gimme 5 :-)))

Å

 

5 ting eg MÅ ha rundt meg kvar dag

 

1. Bilete av ungane

2. Mobil (bombe not)

3. Lommebok (sjølv om den er tom)

4. Almanakken

5. Kosepleddet mitt

 

5 ting eg har kvitta meg med

 

1. Alle bilete av eksen (DET var godt det!) 

2. Ein jeksel som plaga meg

3. Alle klede som "eg kanskje kjem inn i etter kvart" 

4. Dårlig samvittigheit (ein får leve etter beste evne)

5. Vonde tankar (eg ER god nok, sjølv om enkelte meiner eg ikkje er smart nok)

 

Humledans 

 

 

Handyman ?

Smergel

Skrustikke

Fil

Ambolt

 

Å hjelp!! 

 

Guten har hatt sløyd og lurer på om eg har dette her heime. 

 

Jaudå, vi gjekk ned i snekkarboden og kika vi. Den fulgte med huset då vi kjøpte det, så her er det mykje spennande :-) 

 

Og; vi hadde det meste. Ikkje visste eg at smergel er pussepapir :-) 

 

Skrustikka var det første han såg då han opna døra.  Ambolt hadde vi også, men fil fann vi ikkje. Kanskje om vi leitar meir :-) 

 

Og eg som er stolt over at eg veit kva rive, ljå, spade, skrujern og høgtrykkspylar er... 

 

Jau jau, ein lærer stadig nye ting 👍👍👍

 

Trur eg må vise han motoren på bilen. Kanskje eg (foreløpig) ligg godt an der? Eg peilar olja sjølv 😂😂😂 men kan altså foreløpig ikkje køyre sjølv...

 

Humledans

 

 

 

Ny sakkyndig vurdering

Jau jau, no skal atter ein gong nokon vurdere ka sonen vår treng på skulen, til neste haust når han skal på vidaregåande skule (kor vart alle åra av???)

 

Eg er 100 % trygg på at personalet rundt guten veit ka han treng. Dei kjenner han supergodt! 

 

Men, så er det desse som kan jobben sin i kommunen. Dei er eg litt usikre på. Ja, dei kan nok jobben sin og eg velger å stole på dømmekrafta. Likevel så er sonen vår veldig annarleis. Vi kjenner ingen med same diagnose. Å putte han inn i den generelle autismen skal ein vere forsiktig med.  Det finnes ikkje direkte fagkompetanse på dette området. 

 

Ein kan følge med og prøve sjå mønster og registrere, men så er det ikkje noko spesielt som utmerkar seg. 

 

Vel, ny sakkyndig vurdering må uansett på plass. Ein må jo berre gjere det beste med det ein har å gå utifrå. 

 

Så får eg heller kvalitetssikre på toppen av det igjen 😂

 

Humledans

 

 

Heimekos til frokost eller kvelds :-)

 

Av og til vert eg ganske matlei. Då tyr eg til omelett. Det fins jo ikkje grenser for ka ein kan putte i ein omelett! 

 

Eg tykjer at ein finhakka halv tomat, skinke (eller skinkeost) med ost på toppen er eit godt alternativ. Gjerne med brød og smør til. 

 

Først piskar eg 3 egg og har nedpå ei varm steikepanne. Skrur ned litt og har i hakka tomat og ost på. Når det har blitt litt "fast i fisken" hiv eg han over slik at det vert ein halvmåne. Då får den smelta osten og "overskotsveske" steike inn litt :-) 

 

Etterpå snur eg omeletten over på andre sida og ettersteiker den sida også litt. 

 

OMG for eit kokkespråk, not 😂

 

Vel bekomme :-)  klar ferdig jafs!

 

 

Humledans

6'er til Mirabel Jessheim

 

Ein liten tur til Tigerstaden i litt forskjellige ærend, men med god eigatid. Så eg tok buss til Jessheim og Mirabel restaurant & bar.  Mat må ein ha og dette er MAT med store bokstavar! 

Sjå berre her! 

"Linguine a la pharma (pasta, sopp, asparges, parmaskinke, grovkvernet pepper og fløtesaus")

 

 

Og sjølvsagt dessert! 

Eplekake med is.

 

Personalet er kjempekoselige, det er stilfullt og reint her og kokken(e) på kjøkkenet er ein kunstnar uten sidestykke.  

 

Eg kjem garantert tilbake :-) (kanskje ganske plutseleg også!!)

 

He he: eg tok ein tur tilbake dagen etter 😂😂😂

 

Så ka vart det i dag? 

 

Her er mi tre på topp-liste av utemat: 

 

1. Lammefilet 

2. Biff med fløtepotet

3. Breiflabb

 

Så med andre ord: eg velger lam om det er på menyen 😂

 

Stakkars bæ bæ lille.... (først no eg tenkte over at eg et ein sau sin lille unge...uff). 

 

Sidan denne restauranten hadde alle variantane, vart det lammefilet :-) 

Creme Brule med is og blåbær mmmmmm

 

Og du; ta med masse peng, ikkje fordi det er dyrt, men restauranten ligg på Jessheim (kjempe)Storsenter 😂

 

Herlig og fantastisk service ❤️

 

Og du 2: denne restaurantkjeda er under etablering i Oslo også 😂

Løp og et!! 

 

 

Humledans

 

 

 

 

 

5 på topp blomster

Ironisk nok er dette smør :-))))

 

 

Eg er veldig glad i blomster. Sjølv om eg har mest i plast så er eg veldig glad i levande og ekte vare. Eg berre gløymer så altfor lett å vatne dei. Bukettar derimot er eg god på å sjå etter. Den siste buketten min med roser stod i 5 veker. Den slukte uhorveleg med vatn, men stod altså lenge. Flotte lilla og kvite roser. Nydeleg helsing frå ei god barndomsvenninne ❤️ 

 

Så her er 5 på topp blomster

 

1. Lilje

2. Roser

3. Orkide

4. Solsikke

5. Tulipan

 

Så løp og kjøp (til meg ho ho) 

 

Kva slags blomst er din favoritt? 

 

 

Humledans

Dette kan eg ikkje stå for....

Eg har tidlegare skreve eit  innlegg  om lån, spel og luksusfellen. Der tek eg sterk avstand frå lånehaiar med skyhøg rente blant anna. 

 

No ser eg at desse reklamane har kome inn på min blogg 😡😡😡

 

Dessverre er dette reklame eg ikkje får velge sjølv. Dette er reklame som gjer moglegheita til å blogge gratis.

 

Eg tar avstand frå slik reklamar og satsar på at alle lesarane mine gjer det same :-) 

 

Ha ein super dag 🤗 

 

Humledans

Den mobilen altså....

 

 

(Litt juks, dette er skreve for litt sidan, men pyttsann) 

 

Svært så avhengig ein blir. Og når ein kjem til byn med 17%. Det e jo REIN krise!  

 

Så då byrjar jakta! Kor fins det kafe med muligheit for å lade?? 

 

"We don't have wifi. Talk to each other" står det på mange plassar. Er forsåvidt einig, men i dag er eg åleine....

 

Og veit du? Eg havna i bardisken på Hoffman cafe og bar!!  Til og med sofa har dei der! Og by the way: eg drikk cola! Og har landa på eit lunsjsmørbrød:

 

Hoffmannsandwich (brød, pommes bistro, skinke, bacon, rødløk. Jarlsbergost, frisk salat, tomat, aioli)

 

Det er jo skildnad på cafe og restaurant. Så dette blir ein 3'ar. Heilt ok, og mett i magen. Likevel var omeletten eg laga sjølv i går, betre :-) men poeng for muligheita til å lade. I tillegg er det lave prisar. 

 

Når det er sagt er nok det ei fin stemning her på kvelden, med live musikk og kø i baren :-)  og fleire kundar har skrytt av den gode kaffien 👍

 

Nr 30 av 68 på Tripadvisor. 

 

Humledans

 

 

Hausten i bilete

 

Eigentleg er det rart det heiter haustdepresjon. Har dåkke sett kor fine fargane i naturen er om hausten? 

 

Temperaturmessig er eg glad i hausten. Det er mykje anna også som er bra. Vepsane daua!!  

 

Eg har tatt nokre bilete på mine gåturar til bussen dei siste vekene. 

 

Her er nokre av dei :

Humledans

 

 

 

5 på topp lista - mest spelt i det siste

  

1. When i was a boy Jeff Lynnes Elo

2. Every beat of my heart Rod Stewart

3. Criminal world David Bowie

4. Better be good to me Tina Turner

5. American Music Ian Hunter/Mick Ronson

 

Når det er sagt er Imagine med John Lennon den aller beste. Høyr berre på den teksten! 

 

Bilete: cden der "when I was a boy" er song nr. 1

 

Ha en super dag med eller uten musikk! 

 

Humledans

 

 

 

Slik merkar eg at gutungen er blitt "vaksen"

 

 

Han smekkar døra når han berre skal pusse tenner. Privatliv, mamma. 

 

Han vil ikkje på butikken med mor lengre

 

Han ser sms og snappar, men svarar ikkje fordi han er opptatt

 

Han kjem ikkje lenger heim når han er svolten

 

Han ser nyheiter og valgsendingane

 

Han lagar seg speilegg sjølv 

 

Han vil reise på kino med gutta i staden for mamma og pappa

 

Han syklar til og frå skulen i all slags ver

 

Han vert flau om eg snakkar med kompisane hans. (Det må han berre leve med). 

 

Kor det vart av denne knerten som fulgte etter meg på do og som holdt seg fast i flettene mine då eg bar han til sengs?  Han som sovna lenge etter meg og låg våken og pludra medan eg snorka? 

 

Å, småbarnstida var mykje nattevåk, men eg saknar den likevel. 

 

Det er lov, sant? 

 

Humledans

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjokolade!!!!

 

 

 

 

No som eg ikkje får køyre bil på ei stund, går eg mykje. Eg går på meg god samvittigheit. Eg går på meg ein unnskyldning for å ete sjokolade. 

 

Og sida det er eit stykke til Spar og Kiwi, så må eg jo handle nåkken ekstra. Og så; dilemma; ka sjokolade e best??? Hm, elle melle alle sammen!! 

 

Dajm

Hobby

Twix

 

Alle gode ting er 3 :-) 

 

Og så må vi ikkje gløyme dei gamle: hassla, riegel og max :-) 

 

Ka e din favoritt? 

 

Humledans

Å utfordre tyren med horna

 

Av og til sjølvtorturerer eg.

Vi har masse videoar av gutane våre. Slik ting var før det endra seg dramatisk. 

 

Å sjå desse filmane er både sårt og godt på same tid. Der ser vi ein autist som på det tidspunktet ikkje hadde nokon diagnose. Ein gut som prata som ein foss, som hadde mange fine betraktningar og som kunne så mykje som sjølvstendig. Han kunne bøker utanat, filmstrofer, songar (splitter pine),  Som var i samspel med veslebror. Som viser omsorg og syng til veslebror sin som er febersjuk.  Som diktar songar mens han syng. 

 

Jo, det gjer mykje med meg å sjå desse filmane. Å sjå den noverandre tause guten som legg ut om regnestykker i pluss og minus, som er opptatt av kor tid han får sjokoladekake som gjest i konfirmasjon. 

 

Han stiller opp bilane sine og ramsar opp merkene. 

 

At han spring om kapp med lillebror og uttrykker " e kom på sistemann igjen". 

 

Alt som ein gong var.

 

Ja visst er det vemodig.  Men også godt å ha slike opptak.  For det er svært få i fagekspertisen som trur han har hatt språk før. Inntil dei ser desse videoane. Så all ære til min fråskilte dyktige mann som foreviga alt på film ❤️

 

Forsikringsselskapet meinte vi teikna forsikring fordi vi visste han kom til å bli sjuk.... Det var utruleg vondt å høyre. Forsikringa tredde i kraft då han var eit halvt år gammal. Utredninga byrja då han var 5 år...

 

Vi gjekk 4 rundar med dei og vann fram i trygderetten. Eg skreiv at eg ville ha en skriftleg beklagelse på utsagnet. Det fekk vi. 

 

Ingen pengar i verda kan erstatte følelsen det er når det skjer ting med ungane. Likevel vil pengane vere til gode for han i framtida så han får eit godt liv. Dei står på formyndarkonto til han vert 21 år.  Det skal kome HAN til gode. Ikkje oss.  

 

Det skal sikre framtida hans ❤️

 

Det er trass alt det alt handlar om. 

 

Humledans 

 

 

 

Les mer i arkivet » November 2017 » Oktober 2017 » September 2017
hits