Å vere mamma

Å vere mamma betyr alt for meg. Frå å høyre hjerteslaga ❤️ sjå "alien" på ultralydbilete, kjenne spark og sjå romstering medan eg ligg på sofan og slappar av til musikken av Silje Nergaard 🎼

 

Dette er 15 år sidan og eg har vore privilegert som har fått oppleve det 2 gongar.  2 fantastiske (godt ein ikkje hugsar alt) og 2 heilt forskjellige fødslar ❤️ Den eine ganske tøff og med litt komplikasjonar, den andre "lett og raskt overstått" i følge barnets far 😂😂

 

Vel, det er ikkje alle som får oppleve det fysiske med graviditet og fødslar, men gleda av å vere mor er så mykje meir ❤️❤️❤️ For dei som ikkje har blitt mødre av ulike årsakar, kan det også vere fantastisk å vere tante. Det vart eg som 17 åring og eg var "berre" tante heilt til eg var 31 år. Herleg det ❤️ fint å kunne følge med på utviklinga til tanteungane 😀

 

Eg hugsar første smilet (då alle sa at det var vondt i magen) 😀 første tann, første ord (som beklageligvis var cola - til forsvar kan eg fortelle at cola var alt drikkande: melk, vatn osv). 🙃🙃🙃

 

Eg var rundt eldstemann døgeret rundt 😘 Han hadde også kollikk. Den einaste gongen eg var vekke frå han var på eittårsdagen 🇳🇴 Då passa paps, medan eg skulle kjøpe bursdagsgåve 🎉🎈På dei 3 timane hadde han tatt sine første steg 👍👍👍 and I missed it 😢

 

Eg har vore flink å ta bilete og skrive i milepælboka👍👍👍. Far har vore flink å filme 😀😀😀Det er godt spesielt i ettertid når eldstemann vart taus og fekk autismediagnose. Godt å sjå att han prata før 😘 livet forandrar seg brått og brutalt nokre gonger 😢 Video er også kjempenyttig dokumentasjon. Husk det. Det var svært viktig for oss med dokumentasjon å vise til under utredninga 👍 Vel, nok om det. 

 

Yngstemann kom til verda på ein rolegare måte 😄 Eg rakk til og med å roe ned i badekaret på sjukehuset først 💦 Makeleg anlagt, eg???

 

To fantastiske gutar og mykje moro og glede. Og mykje i vente 😃

 

Eg har opplevd at eldstemann skyldte ned heile nøkkelknippet til far i do😮😬😬 at begge to tusja seg i ansiktet med blå spritusj og kleda, heile senga med dyne, pute og laken. Då er det berre å gløyme å halde seg alvorleg 😂😂😂 Mor var på kjøkkenet og laga mat. Høyrde lillebror seie til storebror "vil du også ha".... skjønte då at noko var på gang...

 

Minsten teikna ein stoooor "elefant" på kjøkkenveggen dagar før visning på leiligheita 🙃🙃🙃 kreativt barn 👍👍👍 Eg fann igjen eldstemann sittande oppi bakebollen - sånn stor kvit tupperwaresak (uten bakst i) og ein gong i kjøkkenskuffa...😂😂

 

Det er så mykje fantastiske ting ein opplever som foreldre. Eg føler meg så utruleg priviligert 😘😘 No som ungane er blitt 13 og 15, så er dei ikkje dei søte små lengre, dei er blitt staute, vakre flotte gutar ❤️❤️❤️ smelt 😘 Takk til min kjekke eksmann som var dyktig gravør 😘 og for at vi samarbeider godt i kvardagen.

 

Eldstemann elskar å bade og sym på sin eigen måte 🐟Dykker og kosar seg og er kjempeglad i mat, spesielt den krydra gode filippinske maten ein av dei ansatte på bustaden lagar 👍👍

 

Yngstemann elskar alt som dreier seg om fotball⚽️⚽️⚽️⚽️ elskar også å bade og er dyktig symjar (som sikkert kan redde meg om det vert nødvendig, eg er ikkje er så god med symjinga 🏊 )

 

Han er pannekake/svele/vaffel

og muffinsbakar når anledninga byr seg. Gjerne saman med 2-3 kompisar og helst med overnatting i tillegg (ikkje mykje 💤💤💤 då men, såååå kjekt). 

 

Ungar er framtida ❤️ Eg er stolt av mine 😘😘😘 Eg bruker det meste av tida mi på dei. Med yngstemann har eg kosesamtale kvar kveld, i tillegg til mykje prat elles også 😘 Det gir meg så mykje. No har eg endeleg forstått kvifor mi mamma er så ubetinga glad i meg og tusen takk for det ❤️Å bety noko for eit anna menneske er det største av alt saman med kjærleiken ❤️❤️❤️ og sånn føler kanskje dei fleste fedre også?  Eller fosterforeldre, onklar, eller tanter, besteforeldre, oldeforeldre. Eg likar meg som Grandtante også eg :-) 

 

Jau, eg e til og med matmor :-) og eg kallar katten min "lille jenta mi" 😸

 

Humledans

 

 

5 kommentarer

Torunn

16.07.2017 kl.13:18

Ønsker dere en fortsatt super søndag :)

oppoveriegettempo

16.07.2017 kl.13:30

Torunn: Tusen takk og likeså :-)

frodith

16.07.2017 kl.20:27

Mye kjærlighet, jeg har ingen barn selv, men har mange tantebarn, og grandtantebarn, og mor, og søsken og samboeren og alle vennene. Mye god kjærlighet .-)

oppoveriegettempo

16.07.2017 kl.20:34

frodith: Nettopp :-) man har alltid mye kjærlighet å gi og til å få :-)

Sara

17.07.2017 kl.21:42

Du skriver så vakre ord om barna dine, det er så fint å lese. Men husk at selv om du er anonym, er nettet et tilgjengelig og offentlig sted

Skriv en ny kommentar

oppoveriegettempo

oppoveriegettempo

45, Ålesund

Gråhåra men fargerik i sinnet. Fotballmamma. Forkjempar for annarleismenneska og engasjert autistmamma. Godt vaksen men barnsleg likevel :-) Mine bilete som er merka skal ikkje publiserast vidare uten tillatelse.

Kategorier

Arkiv

hits