Bingokjerring!


 

Ordet bingokjerring er (for meg i alle fall) eit negativt lada ord. Frå gammalt av var det ei samling med sladrekjerringar. 

 

Eg ville snu det. 

 

Eg vaks opp med lokal bingo ca ein gong i året. Eg stakk av med hovudpremien ein gong også. Ein kulegrill. 

 

Eg har alltid synes bingo er eit kjekt og sosialt spel. Likevel er eg ikkje typen til verken radiobingo eller bingo i lokale som vert nytta kun til bingo. 

 

Så eg bestemte meg for å lage til eigen bingo. Inviterte gode vener på middag, etterfulgt av "tøysebingo". Namnet kom av premiane eg kjøpte inn: lausbart, laustenner, hanehylar og mykje anna tøys. 

 

Latteren sat laust og vi hadde det kjempemorsomt. Eg klarte til og med å få ei av venninnene mine litt hekta 😂😂😂 men det var vel kanskje fordi ho stakk av med hovudpremien: ei sprudlande flaske med bobler 👍👍

 

Lettvint og god underhaldning. Anbefalast :-) 

 

 

Humledans

 

2 kommentarer

frodith

17.07.2017 kl.11:47

Jeg var med mamma og pappa på bingo i oppveksten, det var moro det :-)

oppoveriegettempo

17.07.2017 kl.12:35

Ja, det var kjekt tenkjer eg :-)

Skriv en ny kommentar

oppoveriegettempo

oppoveriegettempo

45, Ålesund

Gråhåra men fargerik i sinnet. Fotballmamma. Forkjempar for annarleismenneska og engasjert autistmamma. Godt vaksen men barnsleg likevel :-) Mine bilete som er merka skal ikkje publiserast vidare uten tillatelse.

Kategorier

Arkiv

hits