Morsomme kompliment

Artige kompliment

 

Er du vant til å gi og motta kompliment?  

 

Av og til så får eg kompliment. Desse her eg fortel om har ikkje så mykje å gjere med utsjånaden, men likevel. Eg har ikkje vore så flink å ta imot kompliment før, men no som eg er gråhåra og knirkar i ledda sluker eg alt eg får med stoltheit og TAKK! 

 

Eg var med familien på hotell ein gong for 2-3 år sidan. Eg hugsar ikkje heilt kva som blei sagt, men eg lo i hvert fall så eg heldt på å stryke med.

 

Så kom det bort ei dame som feira diamantbryllupsdag (herleg å sjå eit slikt romantisk, dansande par i den alderen) saman med mann sin. Ho sa " du har so oyen goe trillande  laott, eg verte i so godt humør av å høyra pao". 

 

For dåkke som ikkje har heilt dreisen på sognamaol, kan eg fortelje at ho vart i så godt humør av å høyre på latteren min. Den var visst trillande.

 "Godt vi ikkje satt i nærheiten av trappå då" sa eg :-)  - og så lo vi begge to :-)  Den latteren er nok gått i arv. For mange seier at min kjære autistgut har trillande latter og. Det har eg forresten høyrt sjølv.

 

Ein annan gong var eg heime i barndomsbygda på fest. Då kom det ein kar, som var god i gassen (drukke nokre fleire øl) og såg på meg;

 

"Du var jaggu meg ei pen (held at pusten litt) ...eldre dama! "

 

Ha ha, eg lo (trillande latter) så eg held på å knekke i to. Han byrja sooo bra og enda veldig overraskande litt"dårleg" ut. Eg fortalde han det 3 år seinare. Han lo godt då. Han hugsa det sjølvsagt ikkje. Han var fødd ca 15-20 år etter meg, så eg håpar "eldre" var i forhold til det :-) 

 

Så det er jo ikkje så ille då at yngstemann seier "eg er glad eg har ei sprø og morsom mamma i staden for ei kjedelig ei". 

 

DET er god attest! 

 

Humledans

 

2 kommentarer

frodith

12.08.2017 kl.08:44

Den siste var nok den som varmet aller mest kanskje? :-) Man skal ta vare på fine komplimenter og ta de til seg :-)

oppoveriegettempo

12.08.2017 kl.08:48

frodith: heilt klart!

Skriv en ny kommentar

oppoveriegettempo

oppoveriegettempo

46, Ålesund

Gråhåra men fargerik i sinnet. Fotballmamma. Forkjempar for annarleismenneska og engasjert autistmamma. Godt vaksen men barnsleg likevel :-) Mine bilete som er merka skal ikkje publiserast vidare uten tillatelse.

Kategorier

Arkiv

hits