Kafe-anbefaling Tante Bruun

Tante Bruun

 

Dette namnet kan eg absolutt forhalde meg til. 

 

Eg er vakse opp med Tante Brun, Tante Grønn, Tante Fiolett og Onkel Blå. 

 

Tante Brun var min favoritt. Ho var den snillaste tanta, den finaste også. 

 

Kafeen har snill betjening og det finaste kafelokalet i byn. Det er gammaldags innreid og ein lun og varm plass, sjølv om veggane er svarte. Stearinlys og saueskinn på stolane gjer det rett og slett cosy :-) (altso stearinlyset er på bordet og ikkje på stolen).

 

Dagens måltid for meg blei Pulled Pork Pita. Den er verkeleg god og det er mykje mat. Prisen er 214 kr med ei flaske cola (glassflaske) til.

 

Kafeen er populær, så det er bra "støynivå" i tillegg til musikk. Likevel så er følelsen av å gå rett inn i 70talet mht til møblar, absolutt verdt besøket :-) 

Eg kjem tilbake!

 

Humledans

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

oppoveriegettempo

oppoveriegettempo

45, Ålesund

Gråhåra men fargerik i sinnet. Fotballmamma. Forkjempar for annarleismenneska og engasjert autistmamma. Godt vaksen men barnsleg likevel :-) Mine bilete som er merka skal ikkje publiserast vidare uten tillatelse.

Kategorier

Arkiv

hits